01
Dante Alighieri - La Divina Commedia - Inferno
Magnus Ulleland - Den Guddomelege Komedie - Helvetet

Midtveges fram i gonga gjennom livet eg fann meg att i tjukke, svarte skogen,
i vilska fór eg langt frå rette vegen. 03

Korleis den ville, tette skog var laga,
ulendt og kronglut, det er vondt å skildre,
for berre tanken vekkjer opp att redsla. 06

Så ufjelg skog er lite betre enn døden,
men skal det fram det gode som eg fann der,
eg nemne må dei andre ting eg røynde. 09

Eg veit kje visst å seie koss eg kom dit, så dorsk av svevnen var eg ved det leite,
då eg den eine sanne veg forsaka. 12

Til slutt eg kom til foten av ein kolle,
der denne døkke dalen tok ein ende,
som hadde gjeve redslestyng i hjarta: 15

Då såg eg opp og såg at kollens aksler
alt kledde var i strålar frå planeten,
som syner godtfolk lei på alle vegar. 18

Då stilna otten av ein liten smule,
som hadde sett seg fast i hjartegropa,
den natt eg vandra i så djup ei pine. 21

Og lik ein mann som bergar seg or havet,
kliv opp på land og syp tungt etter anden
og snur seg skræmd mot vatnet att og stirer: 24

Slik vende seg mitt sinn, som enno flydde,
og levde om att gonga gjennom skogen,
der aldri nokon mann fekk leve lenge. 27

Då kvilt eg hadde eit grann den trøytte kroppen,
tok eg slik vegen fatt i tome lia
at faste foten allstøtt var den lægste. 30

Og sjå! i dælda nett før hallet byrja
ei vimsut, lett og mykje fotrapp gaupe,
som hadde kroppen dekt av spraglut hårlag; 33

og ikkje ho veik ein tomme frå mitt åsyn,
men stengde vegen min på slik ein måte
at gong på gong eg nøyddest vende om att. 36

Det var i aller fyrste morgontimen,
og sol steig opp med nett dei same stjerner
som fylgde ho då guddoms kjærleik lòste 39

for fyrste gong dei vakre himmelljosa.
Eg tykte då at der var von til berging
frå ville dyret med det spragla skinnet, 42

den tid på dagen og så ljuv ei årstid,
men ikkje varde denne vona lenge,
før eg vart skræmd ved synet av ei løve. 45

Ho tyktest kome skridande imot meg
med hovud høgt, så rasande av hunger
at det såg ut som sjølve lufta reddast. 48

Så kom ein ulv: i all sin magre skapnad
han tyktest full av gir og grådig hækne,
han har gjort livet surt for meir enn mange. 51

Det dyret gav meg slik ein støkk i hugen,
ja berre synet vekte slik ei redsle,
at von eg miste om å nå til toppen. 54

Og nett lik den som jamt og gjerne sankar,
når tida kjem då han lyt miste eiga,
og all hans tanke er berre sut og sorger, 57

slik vart eg då det utolsame beistet
med lumske, sakte steg kom meg i møte
og dreiv meg ned att dit der sola teier. 60

Medan eg såleis rusa utfor bakke,
så kom det for mitt åsyn ein som tyktest
ha tagt seg hås igjennom lange tider. 63

Då eg fekk sjå han i den store audna:
«Ha miskunn,» skreik eg, «kva du enn kan vere,
om skugge berre eller mann i live.» 66

Han sa: «Nei, mann det har eg ein gong vore,
foreldra mine var frå Lombardia,
i Mantova dei begge høyrde heime. 69

Fødd sub Iulio, om enn i seinste laget,
eg fekk mi tid under den gode Augustus,
då Roma hadde falske og tome gudar. 72

Diktar eg var og song om den rettvise
sonen til Anchises, som kom frå Troja,
då byrge Ilion var brend til grunnen. 75

Men du, kvi fer du ned att til slik pine,
kvi kliv du kje det hugnadsame fjellet,
som er den fyrste grunn til all sann glede? 78

«Altså er du Vergil, den djupe kjelde,
som sender ut så brei ein straum av tale?»
eg svara han med blyg og skamfull panne. 81

Å, alle andre skaldars ljos og ære,
måtte eg få nytte av det lange strevet,
då eg i kjærleik søkte dine bøker. 84

Du er min skald, du er min læremeister,
einast hjå deg eg kunne sjå og hente
den vakre stilen som har gjort meg ære. 87

Det beist du ser, som fekk meg til å vende,
hjelp meg fly ifrå det, vidgjetne vismann,
det får meg til å skjelve i heile kroppen.» 90

«Du må nok velje deg ei anna rute,»
han svara, då han såg meg stå og gråte,
«om du vil bort frå denne ville staden. 93

For dette udyr, som du skrik så opp for,
slepp ingen fram på vegen der det vankar,
men stoggar han og tek så livet av han. 96

Og ulven har eit lag så vondt og ilske,
han stiller aldri sine hækne lyster,
og får han mat vert svolten berre større. 99

Med mange levende han ihop seg makar,
og meir det vert, inntil den raske mjåhund,
til verda kjem og Iét han døy i pine. 102

Han lever ikkje av jord og ei av pengar,
men føda hans er visdom, dygd og kjærleik,
hans fødsel vert imellom fleire filtar. 105

Han vil berge det audmjuke Italia,
Cammilla møy, Euryalus og Turnus
og Nisus døydde for med såra sine. 108

Men ulven vil han elte by i mellom,
og jage han til helvete attende,
der den fyrste misunning dreiv han unna. 111

Eg meiner difor til ditt eige beste,
at du meg fylgjer, og at eg som førar
skal dra deg herfrå gjennom ævestaden, 114

der du får høyre dei fortvila skrika,
og sjå dei gamle åndene i pine,
for kvar og ein skrik på den andre dauden: 117

Seinare får du sjå dei som er nøgde
i elden, fordi dei vonar å kome,
når tid er inne, til dei sæle ånder. 120

Og dersom du vil stige opp til desse,
ei verdigare sjel enn eg vil finnast:
eg dreg bort og overlèt deg til henne; 123

for den keisaren som der oppe styrer,
- med di eg var opprørar mot hans lover -
vil ikkje at eg skal korne inn i byen. 126

Han styrer over alt, men her han råder,
her er hans by, her er hans høge trone.
Å, sæl er den som han vel ut til riket!» 129

Og eg til honom: «Diktar, no eg bed deg,
ved namnet åt den Gud du ikkje kjende,
så eg kan unngå dette vonde og verre, 132

at du meg fører dit du nettopp sagde,
så eg kan sjå den porten til Sankt Peter,
og dei du seier er så øye sturne. 135

Så gjekk han bort og eg gjekk annsamt etter. 136

list operone